Ein motorsykkel og ein bil kolliderte like før klokka 15 i Stryn sentrum. Kollisjonen skjedde like vest for rundkøyringa på riksveg 15 ved Esso-stasjonen.

Operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at motorykkelen var på veg vestover. Kolisjonen skjedde då ein bil som kom i motsett retning på riksveg 15, skulle svinge av i krysset til vegen som går i retning Strynehallen/Stryn vidaregåande skule.

Motorsyklisten, ein mann i 30-åra, vart skadd i kollisjonen og sendt med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Omfanget av skadene kan politiet førebels ikkje seie noko om.

Årsaka til uhellet blir etterforska av Stryn og Hornindal lensmannskontor. Det blir opplyst at føraren av bilen, ein mann i 80-åra, måtte levere frå seg førarkortet etter uhellet.