Politikarane i Stryn og Hornindal har lite grunn til jubel over regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Begge kommunane vil få til dels betydeleg mindre overføringar frå Staten enn året før. Prosentvis kjem Stryn betre ut enn nabokommunen, med ein vekst i overføringane på 3,2 prosent. Isolert sett ikkje så verst, men like fullt 8,5 millionar kroner mindre enn året før. Med dei store investeringane kommunen er i ferd med å sluttføre innan helse- og sosialsektoren og nye oppgåver på vent, vil budsjettarbeidet bli krevjande.

Hornindal kjem ut med ein auke i overføringane på 2,6 prosent. Det er ein nedgang frå fjorårets auke på 2,9 prosent, som og var eit lågt tal. Både rådmann og økonomisjef i kommunen slår fast at overføringane ikkje er nok til å dekkje generell pris- og lønsauke. Dermed ligg det an til ein vanskeleg budsjetthaust.

Kommunestyret i Hornindal vedtok i fjor å setje i gang eit omstillingsarbeid med mål å frigjere midlar til fleire hjelpande hender innan pleie og omsorg, meir undervisning i skulen og meir ressursar innan planarbeid på utviklingsetaten. Med dei rammevilkåra kommunen ser ut til å få, er dette omstillingsarbeidet endå meir aktualisert.

100 millionar kroner kvar til to delprosjekt av E39 gjennom fylket og klare føringar om planleggingsmidlar til E39 Grodås-Byrkjelo er godt nytt frå statsbudsjettet. Meir usikkert er det kva som skjer med rassikringsmidlane til fylket og Flovegen på førsteplass, ettersom potten nasjonalt er kraftig redusert. Dette vert ein felles kamp å fokusere på for fylkeskommunen og Stryn kommune. Stryneordføraren lovar og å kjempe for landsline i skiskyting til Stryn. Dette ligg ikkje inne i budsjettet.

Statsbudsjettet inneheld stimuli til næringslivet i form av redusert bedriftsskatt. Det er godt nytt for mange. Derimot er det vanskeleg å sjå nokon logikk i 25 prosent skattlegging på overdraging av landbrukseigedom innanfor familien. Dette er ei av fleire oppgåver å ta fatt i for støttepartia.