- Eg har tenkt at det kunne vore kjekt å flytte dette til andre plassar óg. "Oslo Kaffibar og vertshus" til dømes. Vi ser for oss det ut i det fjerne, seier Lefdal, og understrekar at det framleis er ein ukonkret plan ved hjelp av ein like ukonkret armbevegelse.

- Folk seier også til meg at "hadde du plassert denne i Oslo, så hadde du tent noko vanvittig med pengar", smiler den 25 år gamle eigaren av Stryn Vertshus.

Lefdal er ein av tjue som kjempar om tittelen Helt sjef, ein konkurranse for unge gründerar og leiaremne. Fram til 1. juni kan folk stemme på dei utvalde kandidatane, og dei 10 beste skal deretter vurderast av ein jury. Vinnaren får ein draumereise til 20.000 kroner og 1 år med coaching.

Business i kaffi

Adrian Lefdal har vore kaffibar- og vertshuseigar sidan midten av september i fjor. Han angrar ikkje på valet.

- Det har gått vedig bra og bygd seg skikkeleg opp. Sidan eg opna Oktoberfestival-helga og fram til no har vi omsett for 5,5 millionar, seier Lefdal, som gler seg stort til sommar og høgsesong.

Trivast

Den tidlegare motorsykkelmekanikaren og kaffimaskinseljaren føler han er på rett hylle.

- Eg merka vel i grunnen kor godt eg treivst med dette då eg for ei tid tilbake hadde ein dag der eg arbeidde for fatter'n, innleier Lefdal. Han var til Årdal i ærend for NorDrikk, som er firmaet til faren John Olaf. Etter ein svært lang dag med service på kaffimaskiner og leveransar, var han tilbake i Stryn -svært sliten og trøytt.

- Eg trakka inn bakvegen og inn på kjøkkenet, og då eg kjende lukta så berre merka eg kor energien kom tilbake. Og eg skjønte at det er dette som er meininga at eg skal drive med, fortel han med stor innleving og på sitt svært energiske vis.

Energibunt

Og energi er utan tvil eit ord som står sentralt, både i drifta og hos Lefdal sjølv.

- Eg har ein enorm energi som eg ikkje heilt veit kvar den kjem i frå, smiler han. Energien håpar han  smittar over på kundane.

- Det handlar om å gi og gi og gi. Kundane skal få eit "hei" og eit smil. Ingen skal bli sitjande utan å bli mottekne, seier han.

Det er med energi og innleving når Adrian fortel.

Helt sjef

Sjefsrolla har han eit avslappa forhold til, og trur dei tilsette fungerer best når han plasserer seg på same nivå og som ein del av teamet.

- Eg har ikkje plassert meg "der oppe". Eg seier gjerne ikkje at slik skal ein gjere det, men dei ser korleis eg gjere ting og tek etter det, forklarar han.

Om ein eventuelt siger i Helt sjef seier han følgjande.

- Tittelen betyr ikkje så mykje, men tilbodet om coaching -det hadde vore heilt rått! Og ei drøymereise hadde også vore fint. Få litt fri og ta oss inn att, seier Lefdal.

- Det er vanskeleg å ta seg heilt fri. Det skjer alltid eit eller anna.