Avtroppande rektor ved Stryn vidaregåande skule, Kirsti Horne, trekkjer fram to hendingar som spesielt sterke frå sine fire år som rektor. Begge hendingane skriv seg tilbake til mai 2013.

- 16. mai la fylkesrådmannen fram forslag om å leggje ned Stryn vidaregåande skule. Dagen etter tok 17. toget i Stryn ein heilt ny runde, då toget plutseleg gjekk rundt skulen. Og toget var så langt at heile 17. maitoget i praksis slo ring om skolen. Det var eit særs sterkt symbol som verkeleg varma både rektor, lærarar og elevar, seier Kirsti Horne.

Kort tid etter, då skulebruksplanen skulle opp til handsaming i fylkestinget, var det klart for ei ny sterk markering som viser kor stort engasjement strynesamfunnet har for den vidaregåande skulen. For å markere kor mange ei nedlegging ville ha råka, gjekk alle barneskuleelevane saman og lagde kvar sin blome som vart planta på plenen framfor fylkeshuset på Hermansverk.

- «Blomsterenga» av skuleborn som vil gå på Stryn vidaregåande skule når dei er ferdige med grunnskulen var synleg for alle fylkespolitikarane, og viste på ein flott måte at skulen betyr noko for mange. Det engasjementet og dei mange og gode argumenta som vart framført for Stryn vgs viser kor sterkt strynesamfunnet jobba for same mål. Engasjementet i lokalsamfunnet er noko eg vil ta med med som gode opplevingar når eg flyttar til Trondheim og ny rektorjobb, seier rektor Kirsti Horne.

17. maitoget i 2013 slo ring om Stryn vgs. Foto: Ove Sveen