Stryn Elveeigarlag har vedteke å stenge alt fiske etter laks i Stryneelva frå og medlaurdag 1. august. Dette for å verne om gytelaksen i elva. Dermedvert det ikkje laksefiske dei siste 14 dagane fram til 15. augustslik reglane var lagt opp før årets sesong.

- Akutt tiltak

–Vi når ikkje målet for gytebestanden, og vedtaket om stenging avlaksefisket dei siste par vekene, er nødvendig. Dette er eit akutttiltak i år for å halde på gytefisken i elva med tanke på gytingatil hausten, presiserer formann Knut Løvdal Stauri og styremedlemHans Olav Bøe i Stryn Elveeigarlag. Dei opplyser at Direktoratetfor Naturforvaltning har gjeve pålegg om midtsesongevaluering.Denne rapporterer elveeigarlaget inn via fylkesmannen.

- Må opptre forsvarleg

– Direktoratet har sendt ut notat for korleis evalueringaskal gjennomførast samt rekneark for berekning av gytesbestandentil hausten. Dei gjer det klart at styret i elveeigarlaget harplikt og mynde til å iverksetje tiltak med bakgrunn i evalueringa,seier Løvdal Stauri.

Bøe skyt her inn atdersom ein unndreg seg pliktene og ikkje opptrer forsvarleg etterlakselova, kan Direktoratet ta styringa. Det kan i neste omgangbety stenging av elver.

- Mellomlakseår

Formannen i elveeigarlaget karakteriserer sesongen som eit mellomlakseår:- Eg har sett på fangststatistikken dei siste åra, og det ligg an tilat fangstane dette året vert under halvparten av eit normalår. Vier inne i eit mellomlakseår. Det er mykje fangst av fisk mellom 3-7kilo. Fisken som er fanga, har god kondisjon, og dette gjev ossgode forhåpningar for neste sesong. Det erfanga 58 eksemplar. Av desse er 55 prosent sett ut att i elva.Utsetjing er utruleg viktig saman med fangstrapportering. Fiskaranemå opptre ansvarleg. Direktoratet har skjerpa veldig innregelverket gjennom fylkesmannen, seier Bøe og Løvdal Stauri.

Innskjerping av reidskap

I Stryneelva er det etter 1. augustforbode med reidskap eigna til å fange laks. Skulle laks bite påkroken, må han straks setjast ut att. All bruk av mark i Stryneelvaer forbode etter 1. august. Det skal berre nyttast slukar ellerfluger som er eigna til å fange sjøaure.

–Når det gjeld Soget som er det viktigaste gyteområdet, skal derberre nyttast små ørretfluger. Vi vil også engasjere oppsyn somskal rettleie fiskarane og sjå til at regelverket vert følgt, seierformannen i elveeigarlaget.

Bøe og LøvdalStauri legg ikkje skjul på at lus er hovudårsaka til reduksjon avlaksebestanden. 4-5 lus på utvandrande smolt, kan vere nok til å taknekken på desse.

TXT- Tekst u innrykk: I Stryneelva er det etter 1. august forbode med reidskap eigna til å fange l