Arrangøren av Kulturdagane i Hornindal seier årets arrangement kan bli den siste med dans i den såkalla Gro-parken. Hornindal kommune som eig bygget i Groparken ønskjer å rive bygget, men rivinga er sett på vent fordi riving kostar mykje pengar.

Grobygget er i dårleg forfatning, men har samtidig hatt såpass mykje positiv aktivitet i seg at stenginga av bygget var eit tap for mange. Stenging og riving av bygg utan klare planar om erstatning, bidreg ikkje til å skape utvikling. Då er spørsmålet om nokon andre kunne ruste opp det som er og skape ny aktivitet, i staden for å rive.

Det som er udiskutabelt, er at Gro-bygget ligg i eitt av dei flottaste sentrumsnære områda i Hornindal, og med park og badestrand på nedsida. Groparken er ein verdi mange vil sakne, dersom bygget vert rive og parken øydelagt. Difor er det sterkt å håpe at bygget og området ikkje vert rasert før det i tilfelle ligg klare og handfaste planar om erstatning som er minst like bra. Skal Groparken kunne fungere til beste for ålmenta slik som i dag, kan ein ikkje rive Grobygget og byggje til dømes leilegheiter. Derimot vil kontorlokale og anna næringsareal kunne kombinerast med å bevare Groparken.

Samanlikna med mange andre kommunar, har Hornindal eit stort privilegium som har ein park og ei badestrand så å seie midt i sentrum. Difor må administrasjonen og politikarane tenkje seg svært om før dei gjer tiltak i dette området.

I spørsmålet om siste dans i Groparken ligg mykje meir enn omsynet til eitt årleg arrangement. Det handlar om ei grøn lunge, eit friluftsareal av høg kvalitet. For fastbuande og tilreisande. Ein viktig del av det gode liv i Hornindal, som kommunen sjølv bruker som slagord. Det er eit stort ansvar å forvalte slike verdiar på rett måte.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør