Lokale skiskyttarar hevda seg høgt oppe på resultatlistene i DNB Cup 5/Statkraft Junior Cup 3 i Steinkjer laurdag.

Vegard Skrede, Hardbagg IL, tok ein sterk 7. plass på sprinten i klassen menn 18 år. På standplass vart det ein bom på første, og to bom på siste skyting. Hardbagg-løparen var nær eitt minutt bak vinnaren i ein klasse på 66 deltakarar.

- Eg synest det var eit heilt greitt løp. Eg hadde ein OK dag i løypa, og bra første skyting. Eg følte eg hadde god kontroll då eg stilte meg opp på ståande, så eg var skuffa over at eg skaut to bom på siste skyting, seier Vegard Skrede til Fjordingen.

I same klasse vart Aksel Mathias Meland, Markane IL, nummer 11 (0-3). I 19-årsklassen vart Isak Hopland, Hardbagg IL, nummer 13 (2-0).

Fleire lokale utøvarar har gjennomført eller skal ut på sprinten i løpet av laurdagen.

Sigrid Flo Bødal, Stårheim IL, kom på 4. plass i 18-årsklassen. Ingrid Gausemel vart nummer 16 i 19-årsklassen.

Norgescupen for juniorar og seniorar held fram med normaldistansen søndag.