Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein sterk 4. plass i 17-årsklassen under fellesstarten i norgescupen for juniorarar i dag. Markane-løparen var berre eit halvt sekund frå pallplass. Stryningen fekk totalt sju bom i løpet.

I klassen menn 18 år vart Aksel M. Meland, Markane IL, nummer 19 og Vegard Skrede, Hardbagg IL, nummer 22.

I NM jaktstart stilte Johannes Thingnes Bø ikkje til start. Johan Eirik Meland gjekk seg opp frå 42. plass til nummer 24 med berre to bom. God skyting var det også på Jarle Midthjell Gjøven på 36. plass med to bomskot på fire skytingar.

NM i skiskyting og Norgescup for juniorar held fram søndag i Mo i Rana.