- Eg oppfordrar alle om å møte opp på Grodås i kveld rundt klokka 18.30. Då skal vi gje Anders (Fannemel) den velkomsten han fortener, seier varaordførar Idar Nygård till Fjordingen.

Anders har hatt ein lang og strabasiøs heimtur frå Engelberg. Først  måndag morgon klokka 04 var han på Lillehammer. No ventar nokre dagar juleferie heime i Hornindal, før turen går til Hoppveka.

- Korleis blir mottakinga på Grodås?

- Ordførar Anne-Britt Øen Nygård vil ta imot Anders og hornmusikken spelar. Eg oppfordrar flest mogeleg om å stille med flagg, seier Idar Nygård.