Sprintverdsmeister Johannes Thingnes Bø stod over NM grunna forkjøling, men han var ikkje verre enn at han stakk innom stafettevlingane på Ullsheim laurdag. Det deltok 40 lag frå ulike klassar frå Nordfjord og Sunnfjord. Alle fekk premie, men for mange var nok autografen og bilde av Johannes viktigare enn glasskåla og T-skjorta som dei fekk i premie.