Andre Haugsbø, Gaular, gjekk til topps i det 48. Holmøyskarrennet i dag, etter ein tett duell med Roger Øy Pollen frå Førde. Raskaste kvinne i den 35 km lange løypa var Lucy Jancus., Hornindal. Andreas Hetle, Breimsbygda var raskast i den 25 kilometer lange løypa.Det stilte vel 40 i konkurranseklassen, medan 330 gjekk turen i skaret.

Vêret var ikkje det beste, men ingen klaga og alle skrytte av dei flotte løypene i rennet.