Med cupstemninga friskt i minne, er Stryn klar for ein ny, tøff heimekamp. I ettermiddag tar strynelaget imot laget Herd frå Spjelkavik.

- Herd er eit godt lag som spelte i 2. divisjon i fjor. Men på heimebane er det i utgangspunktet berre tre poeng som er godt nok. Stryn stiller med fullt mannskap, med unntak av Emil Allesø. Så det skal vere muleg å slå dei, seier ein av veteranane på strynelaget, Frode Hool Egge.

Herd har i starten av sesongen sikra seg fire poeng, og ligg på 5. plass på tabellen i 3. divisjon avd. 8. Dei slo KFK 6-5, og er no på veg til grasmatta på Stryn Stadion. Tidlegare i vinter vann Herd 3-1 mot Stryn i ein treningskamp.

I følgje nettstaden til Herd SK blir det ingen enkel bortekamp mot Stryn, men med ein normal prestasjon meiner laget å ha gode mulegheiter. Men dei må ta sine før førehandsreglar i det oppbyggande spelet sitt, sidan kampen går på gras...

No håpar Stryn Fotball på stor oppslutning frå publikum, og oppfordrar alle til å ta med seg varme kle og godt humør.