Arrangørane er spente før morgondagen - når startskotet går for det store fjelløpet Hornindal Rundt.

- No ser vi fram til at løpet skal starte, og vi er spente på korleis det går, seier Svein Otto Espe på vegner av ein stor arrangørstab. Dei har har stått på for at løypa skal vere tryggast muleg for deltakarane.

Uvanleg mykje snø i fjellet har skapt mange utfordringar og ekstraarbeid.

– Folk har jobba på speng. Store mannskap har vore ute i felten både seint og tidleg. Det er enkelte ting som passar dårleg saman, som mykje snø og varme. Vassføringa i elvane er stor. Men vi føler framleis at vi har kontroll, seier pressesjefen.

Dei store snømengdene kombinert med sein smelting gjorde at arrangøren bestemte seg for å gjennomføre årets løp ved å bruke berre første halvdel av løypa. Dette var først og fremst av omsyn til tryggleiken. Ein del av løypa er no fri for snø, men ved Gulekoppen og nedover mot Holskarsetra er det framleis bra med snø. I dette området har dei greve ned snøanker og sikra traseen med tau både oppover og nedover. Det har blitt mange tunge bører med merkestikker, fortel Espe.

Hornindal Rundt startar ved fellesstart i Grodås sentrum i morgon tidleg. Dei som spring halvt løp har målgang ved Horndøla bru. Dei som vil fullføre heile fjelløpet, snur tilbake til målgang ved Honndalshallen. Lengda og høgdemetrane skal bli tilnærma likt som ved å følgje den vanlege traseen. Rundt 350 deltakarar er per i dag påmeldt.