Hornindal sitt 14-årslag i fotball tapte finalen i Norway Cup i ettermiddag 2-1 mot Vålerenga 2 i B-sluttspelet på Ekeberg. Det var på ingen måte nokon slagen gjeng som gjekk av bana. Tvert imot så hadde turneringa overgått det meste av kva dei unge spelarane hadde håpa på.

- Det kunne tippa begge vegar. Hornindal scora først ved Martinus Espe. Dette etter godt samspel. Så kom utlikninga før pause. Deretter følgde ei rask Vålerengascoring som honndølene ikkje greidde å svare på, sa Anne Birthe Hofseth.

- Vi vart slitne til slutt etter mange kampar, og vi må vedgå at vi vart springande litt imellom i finalen i det varme veret. Men for all del, laget har gjort ein kjempeinnsats, sa tre nar Robert Grodås like før pokalane skulle delast ut.