"- Eg har hatt ei kjempehelg.  Håpar også at publikum har hatt ein grei dag i regnveret i dag, sa Tarjei Bø etter at han laurdag ettermiddag formeleg "knuste" Martin Fourcade i innspurten og vann finalen i supersprinten i rulleskiskyting. Dermed tok Tarjei revansje på franskmannen som vann fellesstarten fredag føre Tarjei.

Tarjei gjekk greitt til finalen i supersprinten etter å ha blitt nummer to i sitt semifinaleheat, bak kometen Vetle Ravnsborg Gurigard. Johannes Thingnes Bø kom på sjetteplass i heatet og lukkast ikkje å ta seg til finalen.

Etter å ha blitt beste nordmann i Lysebotn Opp, og med topplasseringar i fellesstart og supersprint, dokumenterte Tarjei i helga at han har gjort eit glimrande treningsarbeid. Dette vart også understreka av Ola Lunde.