Jonas Rogne (19), Stryn presterte i dag utruleg sterk skyting på bane under landsskyttarstemnet på Lesja. Med 242 poeng på 25-skoten i klasse 4, var stryningen på 3. plass då 800 skyttarar i klasse 3-4 hadde vore i aksjon. For dei under 20 leia han skytinga.

- Persen frå før var 241, så dette skal bli bra, sa han. Han gler seg til finaleskytinga torsdag.

- Kva har du gjort for å bli betre?

- Rett og slett skote meir. Har delteke på fleire stemne, seier han. Styrken til 19-åringen er utan tvil at han toler presset, sindig som han er. Dette er kanskje det beste kjenneteiknet på gode skyttarar.

Elles er det skyting på høgt nivå på Lesja. Leiv Reksten (249)  og Andreas Solvik (246)  sine resultat på bane, klasse V55 er tidlegare nemt. Dei kjem truleg på same finalelag torsdag. Kåre R. Haugen, Hornindal og Markane har gjort det godt i klasse 1 både på bane og felt. 241 poeng på bane gav mellomstort beger. I felt plasserte han seg som nummer 53 i klasse 1 med lite beger. Arild Fure, Stryn ar skote 236 i klasse 3.

I veteran 65 år er det knallhardt nivå. Knut Lillestøl skaut 248. Mange skaut 250 i klassen. Mest spennande blir det å følgje han i feltløpet der han er blant favorittane. Knut hadde i felt 29/17 på 30 skot.

I rekrutt og junior er det veldig god skyting. På bane skaut Geir Magne Muldsvor 249, men det er 50 på 250 poeng. Marie Alme skaut 248, Knut Mulsvor 246 og Sandra Frøholm 246. Alle desse skyt i eldre rekrutt.