Komande helg er det sesongopning for langrennsløparane og skiskyttarane på Beitostølen. Det skjer utan Stryn sitt brødrepar på skiskyttarlandslaget, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

Det har lenge vore klart at Tarjei ennå ikkje er i konkurranseform etter langvarig sjukdom. Han trenar seg no opp og håpar å nå toppformen på nyåret for å vere med å kjempe om VM-titlane i Nove Mesto i byrjinga av februar.

Johannes har vore småsjuk ein månads tid og usikker på formen etter sitt første høgdeopphald.

-Eg er i lett trening, men kjem ikkje til å gå på Beitostølen, seier Johannes til Fjordingen. Bortimot 100 prosent sikkert er det at fjorårets vinnar av norgescupen, klasse M 18, Johan Eirik Meland kjem til å sesongdebutere på Beitostølen. Kanskje kan også Jarle Midthjell Gjørven bli kvalifisert. Han er iallefall påmeld.