Helge Hafsås vann suverent

Helge Hafsås innkasserte laurdag nok ein siger i maraton. (Arkivfoto: Harald Vartdal) 

Sport

Helge Hafsås, Olden vann som han ville i maratonløpet Rett Vest i Florø laurdag. Hafsås som stiller i klasse 45-49 år fekk tida 3.00.11. Han var sju minutt føre Geir Nygård, Førde. Sistnemnde er som Hafsås ein verkeleg hardhaus. Etter maratonløpet sykla han heim til Førde som er seks mil.

Inge Asbjørn Haugen i klasse 60-64 år sprang inn til tida 3.55.15 som er ei veldig sterk tid og den beste for hans vedkomande sidan 2010. Berre 9 starta i heilmaraton, noko som heng saman med Bergen City Marathon same dag. Alt i alt var det 350 som deltok i Florø på alle distansane.