Hedda Øvreberg og Anna Johansdottir frå Stryn spelte for Eid sine 14-årsjenter under Norway Cup. Der gjorde dei det veldig godt ved å vinne si pulje i gruppespelet med full poengpott og ein målskilnad på 19-0. Først slo dei Halsnøy 5-0, deretter Medkila 9-0 og til slutt Heddal 5-0.

I 1/16-finalen mot Åheim vart det stopp med 2-4 seint i går kveld. Dei to strynejentene er lovande på fotballbana. Mellom anna skal begge vere med Coerver Coaching til Madrid for trening i ei veke i oktober.

Til Madrid skal også Sigmund Kjøsnes og Sander Amble Haugen. Begge er strynespelarar, og dei er tekne ut på Team Sogn og Fjordane 2000. Dette er ei elitesatsing og spelarutviklingsgruppe i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets.  Kjøsnes og Haugen skal også vere med Sogndal sine 14-åringar til talentcup som HamKam arrangerer i september.