Vossingen Lars Erik Skjervheim hadde eit mål om å fullføre Stryn Rando 3000 med sju fjelltoppar, 3000 høgdemeter og løpslengde på 27-28 km på under tre timar i dag. Han heldt ord og vart klokka inn på 2,56,59.

Veddemål

- Eg hadde eit heilt spesielt veddemål med ein i Stryn vinterski. Det gjorde at eg måtte gå til litt ekstra opp mot Gullkoppen. Det heldt med bra margin, smilte Skjervheim eit par timar etter innkomsten på skisenteret.

Sindre Hoff, Førde IL kom på andreplass i konkurransen, 22 minutt etter. Klassen for kvinner vart vunne av Hildegunn Gjertrud Hovdenak frå Romsdal Randonee på den sterke tida 3,45,34 føre Malene Blikken Haukøy, Høyang IL 2,47 minutt etter.

- Fann arrangementet på internett

Det austerriske paret Monika Kogler Og Hanns Stogner (69) vann Stryn Rando Classic (fire toppar) med høvesvis 2,59,47 og 2,40,11. Dei to har i fleire dagar køyrt på ski i Sunnmørsalpane, og det var berre tilfeldig at dei kom over rennet i Stryn. Då var ikkje vegen lang frå hyttene i Standal.

Utrulege tilbakemeldingar

Arrangøren i Stryn får gode tilbakemeldingar:

- Heilt perfekt her. Kupert terreng, og god organisering, sa Stogner. Vinnaren i langløpet Lars Erik Skjervheim har uttalt seg positivt før og gjentek det gjerne:

- Imponerande av arrangøren. Dei får det til.  Her er det berre små forbetringspotensiale. Vi kjem garantert tilbake, sa Skjervheim som neste helg er klar for 2.500 høgdemeter i renn i Åndalsnes.

Hildegunn Gjetrud Hovdenak var også klar på kome tilbake neste år. Saman med Malene Blikken Haukøy skal ho no konkurrere i utlandet. Alle vinnarane var glade for at Norge hadde fått så langt eit renn som nærare 30 km og over 3000 høgdemeter. "Då må ein som deltakar liksom ta seg litt saman", sa Skjervheim.