Hornindal vann i dag finalen i den tradisjonsrike Honndalscupen i fotball mot Sæbø 8-1 etter 4-0 ved pause. Honndølene var suverene i finalen og spelte til tider svært god fotball med fleire fine gjennonmspel. Unge Håvard Kroken, som vart kåra til beste talent, laga tre av måla. Ole Christian Nygård laga to og Darko Stojkovic og Simon Osvold Sunde laga eitt mål kvar. Det eine målet var sjølvmål.

I bronsefinalen vann Stryn 2 heile 6-2 over Åmdal. Åmdal laga det første og siste målet i denne kampen. Tre av Stryn  2 sine mål vart sett inn av John Marius Berger.

Lars Taraldset var som vanleg på plass som dommar.  Han byrja å dømme i cupen i 1978, og fredag og laurdag dømte han kampar i Honndalscupen for 31. gong. Imponerande!

Honndalscupen er ein av dei aller eldste fotballturneringane i fylket. Det heile starta opp på Furene i  1930. For 40 år sidan var det Ottar Lødemel som vart kåra til beste spelar. Denne gongen var ikkje sonen Endre langt unna å kopiere faren. Bestemannsprisen gjekk til Darko Stojkovic.

Lars Taraldset dømte Honndalscupen for 31. gong. Her saman med lagkaptein for Hornindal, Endre Lødemel med vinnarpokalen og faren Ottar Lødemel som var beste spelar for 40 år sidan. (Foto: Ove Sveen)