Stryn Turn si defilering med musikklaget i spissen og påfølgjande avslutningsshow i Strynehallen i dag, gjorde eit mektig inntrykk på alle som er opptekne av aktivitetar og idrett for born. Her er alle med, og alle er like verdfulle av dei snart 500 aktive.

- Vi har eit framifrå engasjement i alle ledd, frå vaksne foreldre som hjelp til med det meste, til dei som kursar seg for å bli instruktørar. Faktisk er vel halvparten av våre rundt 40 instruktørar folk som har gått gradene frå sjølve å ha vore turnarar. Ungdomsturnarar trenar dei yngste. Det er god gjenbruk av kompetanse, seier leiar Arve Aaning.

- Faktisk er vi no den fjerde største gruppa i fylket uansett idrett. Vi gler oss veldig til barnesturnstemnet i Årdal neste helg der vi deltek med rundt 100 utøvarar av i alt ca. 1000 deltakarar på fylkesplan, seier Aaning.

Fremst av turnarane med idrettslaget si fane i dag gjekk superveteranane Oddrun Frausing, Ingrid Vik og Malene Lilleheim (79):

- Du kan ta med Marit Opheim, Aud Hool Egge og fleire til. Dei er alltid med oss på dugnad og står på noko voldsomt. 10.-12. juni skal vi ha Vestlandsturnstemne i Stryn med rundt 750 vaksne deltakarar frå heile landet. Det går desse damene i bresjen for, seier Lena Sandbakk i turngruppa.

Gleden av å vere med og nivået var stort i Strynehallen i dag, frå dei minste på 2-3 år og alle gruppene til og med ungdomsgruppa

Her er det Sofie Njøten som tek ein salto. Roy Veamyhr hjelp til med ei trygg landing. (Foto: Ove Sveen)