Stryn tapte 0-1 mot 4. divisjonslaget Godøy i andre kvalikrunde for NM på Stryn stadion i kveld og er dermed ute av cupen. At enkelte fotballkampar kan få eit urettferdig resultat,  var denne bataljen det beste eksemplet på.

Stryn tok styringa i kampen frå første minutt og spelte ein god halv første omgang før det heile roa seg ned. Særleg det første kvarteret var Stryn på hogget med fleire gode sjansar der laget kom seg fram på kantane etter gode kombinasjonar og slo innlegg. Sentrale spelarar i dette opplegget var Preben Garlid på høgresida, Lars Midthjell Gjørven og Erik Amble Haugen. Dessverre var det ingen som kunne omsetje sjansane i mål.

10 minutt ut i 2. omgang scora Lars Kristian Austnes det som vart sigersmålet for Godøy. Fotballen kan til tider vere urettferdig. Dei siste fem minutta av kampen trykte Stryn voldsomt på, og ved fire høve såg vi ballen nesten nesten inne i Godøy-målet.

Dei som håpa på ekstraomgangar,  vart skuffa. Uflaks og udyktigheit frå heimelaget si side og glimrande spel av av Godøy si målvakt sende gjestene til første runde i NM.

Strynetrenar Johann Sigurdsson var naturleg nok langt nede etter kampen:

- Skuffande. Vi styrte kampen, hadde så og seie full kontroll, men greidde ikkje omsetje sjansane.