Kvite fjelltoppar bada i sol då startskotet gjekk for det første Stryn Stryn Rando 3000 klokka 9 i dag. 91 starta på dei lange turane frå Stryn vinterski. Av desse var det 40 i konkurranseklassen som skulle opp på alle sju fjelltoppane med 3000 høgdemeter. 51 skulle gå Stryn Rando Classic, det kortaste med bestiging av fire av toppane. Gledeleg registrerte vi at mange av deltakarane var lokale folk.

-Fantastisk. Første rennet vårt er det største randonerennet i lander. Dette er utruleg reklame for Stryn, noko å byggje vidare på. Det kan bli ein klassikar, sa initiativtakar Erlend Folstad i det han la feller under skiene like før start i dag. Han skulle vere med til alle toppane, men ville ikkje tippe sluttid for eigen del: - Må berre prøve meg fram. Det er første rennet.

Løypesjef Per Helge Bø fylgde starten frå sidelinja denne gongen vel vitande om at løypemannskapa og andre har gjort ein kjempejobb:

- Det er god oppslutning i strålande ver. Rammen rundt det kunne ikkje vore betre. Løypene er merka på ein god måte, og testarane er godt nøgde. Mannskapa er på plass på toppane, sa Bø.

Kåre Tonning annonserte at det var 10 minutt til start og at det alltid var fint ver i fagre Stryn. Kunne starten på eit spektakulært renn i skialpinisme i Stryn blitt betre? Nei.

Løypesjef Per Helge Bø hadde all grunn til å slappe av. Alt var på stell. (Foto: Ove Sveen)