Norge med stryningane Johannes og Tarjei på laget, gjekk i dag inn til VM-gull i stafett i Holmenkollen. Dei var  11,5 sekund føre Tyskland med Canada på ein overraskande tredjeplass.

Særleg Johannes imponerte stort i stafetten med feilfri skyting og stor fart på sisterunden. Det gjorde at han gav Emil Hegle Svendsen eit forsprang på nesten 30 sekund som ankermann.

Utanom ein feilfri Johannes,  måtte dei tre andre, Ole Einar, Tarjei og Emil til med to ekstraskot kvar. Den godeste Emil gjorde det ekstra spennande før sisterunden med sine to ekstraskot på stå, men kva gjorde det på ein gulldag der herrane gjorde som damene i går.

To brør frå Stryn i kanonform vekslar i Holmenkollen. Johannes var uimotståeleg i kampen mot Arnd Pfeifer på tredje etappe. (Foto: Tom-Vegard Feltstykket)