- Dette blir heilt fantastisk, og arrangøren har lagt ned eit imponerande arbeid. Dei har gjort fine og naturlege val av trase. Stadvis er det veldig fine snøforhold. Eg oppfordrar alle om å ta seg ut for å følgje arrangementet, seier vossingen Lars Erik Skjervheim (35)  som no i to dagar testar heile traseen med sju toppar. I går var han på Gryta, Kyrkjenibba, Botneskrednibba og Natakupa. I dag følgjer Hestefjellsnibba, Karifjellet og Gullkoppen.

Film frå Skjervheim sin tur til Kyrkjenibba og tre andre toppar i går kan du sjå her.

85 påmelde

Skjervheim har tre NM-titlar og sterke internasjonale plasseringar. I morgon stiller han til start på Stryn Vinterski som klar favoritt i det lengste løpet. 85 er påmelde totalt, 35 i Stryn Rando 3000 og 50 i Stryn Rando Classic. Stryn Rando 3000 (3000 høgdemeter) er for dei sprekaste med oppstigning og nedfart frå sju fjelltoppar,  og Stryn Rando Classic omfattar fire toppar, eit fjelløp som dei fleste toppturinteresserte kan greie.

35 åringen har ikkje tidlegare erfaring frå konkurransar i fjella i indre Nordfjord på vinteren, men sommaren for to år sidan vann han fjelløpet Hornindal Rundt. I Stryn Rando 3000 har han som mål ei sluttid på under tre timar.

- Stort potensiale

- Stryn er tidleg ute med eit så stort løp, og interessa blir berre større og større for sporten. Stryn Rando 3000 har stort potensiale, og det handlar om å skaffe seg ein marknadsposisjon for eit kult løp. Uthaldenheit og stor innsats, vil betale seg på sikt. Då kan rennet oppnå status og prestisje, kanskje på linje med det vi i dag ser i Birken, seier Skjervheim.

- Kva kjenneteiknar traseen?

- Her er flotte fjell med fjordutsikt. Her kjem ein verkeleg ut i naturen. Det er lagt ein trase som mange kanskje vil kvi seg på. Langt, spektakulært og kanskje med litt skrekkblanda fryd for enkelte. Det er sjarm med utfordringar som dette. Her er ikkje noko som er uforsvarleg, men du er i fjellet på fjellet sine premissar. Ein skal ha litt ærefrykt.

– Kva blir dei største utfordringane laurdag?

– Det blir nok å disponere kreftene slik at ein også er skjerpa i dei mest spektakulære partia. Då blir opplevinga best, seier vossingen og myser mot sola. Han er klar for å å gå rett oppover i hovudtraseen i Stryn vinterski. Med feller og anvendeleg lett utstyr, greier ikkje mannen som har forsert over 200.000 høgdemeter denne sesongen å stogge seg.

Kickoff i kveld

Oppladinga til rennet i morgon startar i kveld i Stryn Vinterski med løparmøte og foredrag av norges beste randonneløpar. Det vert også foredrag av Tormod Granheim, den einaste nordmannen som har rent på ski ned Mount Everest.

Laurdag kveld vert det bankett og premieutdeling i Stryn Vinterski.