Med resultatet 23-22 frå bortemøtet i Trivselhagen på Sandane skaffa Stryn seg eit godt utgangspukt før heimekampen søndag. Men oppmann Johnny Hove er klokkeklar på at halve jobben gjenstår før ein har sikra ny kontrakt i 2.divisjon.

- Gloppen er eit godt lag og det må full skjerping til for at vi skal dra dette i land, understrekar Hove.

Stryn fekk ein frykteleg dårleg start i bortekampen fredag kveld. Etter ti minutt leia heimelaget med fire mål inspirert av eit entusiastisk publikum.

- Vi kom etterkvart meir inn i kampen og ved pause stod det 9-9. I andre omgang leia Stryn med tre og fire mål, men det glapp litt på slutten og vi fekk med oss eittmålsleiing før returen, oppsummerer Johnny Hove. Som har eit brennande ønskje når det gjeld kampen søndag.

- Kampen på Sandane var ei fantastisk oppleving med fullsett hall og enorm stemning, der både heimelaget og våre supporterar skapte ei kjempeflott ramme rundt den viktige kampen. No vonar eg at vi får tilsvarande handballfest i Strynehallen. Møt opp og støtt laget,  er oppmodinga frå Johnny Hove.

Julian Hove sørga for 8 av Stryn sine mål i den første kvalik-kampen. Han vart kåra til Stryn sin beste spelar. Også keeper Ivan Karabatic leverte ein strålande kamp.

Her er Stryn sitt lag med scoringar i parantes: Olav-Mathias Flo, Ivan Karabatic, Albert Fure, Kenneth Aaland, Borna Hadrovic (4), Runar Walaker (1), Remi Andre Stølen, Gunnar L. Sigurdsson (2), Julian Hove (8), Dinoo Copic (5), Andreas Thayanatham, Szymon Kac (3), Vegar Aaland.