Per Myrhaug som bur i Markane meiner ringmerking av trane med ringar plassert over knea på fuglen er dyreplageri. Myrhaug har følgt med på traner på eigedomen sin sidan 1991. I juli fekk han for første gong sjå ein ringmerka tranekylling. Kyllingen var merka ovanfor knea på begge føtene, og Myrhaug meiner dette er dyreplageri.

– Traneparet hadde to kyllingar, men den eine er blitt borte. Den andre har gått på innmarka her og beita saman med foreldra sine, tydeleg plaga av ringmerka han har fått på seg. Eg har filmopptak som viser at kyllingen stadig vekk hakkar på ringane i forsøk på å få dei vekk. På meg verkar det og som at føtene på kyllingen er hovna opp på nedsida av knea. Kyllingen har heller ikkje klart å kome seg på vengjene, slik han burde no, seier Myrhaug.

Seinast måndag morgon kunne han melde at kyllingen ikkje klarte å fly.

- Det er første gong eg opplever at det går så lang tid før tranekyllingen klarer å flyge. Eg er uroleg for han og fryktar ringene hemmar han. No håpar eg ikkje folk som ser kyllingen prøver å få han i lufta, seier Myrhaug.

– Eg har ikkje tillete merking på min eigedom, og vil motsetje meg dette. Eg meiner beste beviset på at tranene har det godt er at dei kjem tilbake år etter år. Frå 1991 til 2012 vart det fødd 41 kyllingar her. Berre ein av dei kom vekk. Dei tre siste åra er fire av seks kyllingar blitt borte Eg håpar ikkje årsaka er ringmerking, seier Myrhaug.

Han og partane i saka vart intervjua på NRK om saka midt i juli, men Myrhaug slår seg ikkje til ro med dei svara han fekk.

– Eg meiner det er brot på dyrevelferdslova når ein tranekylling vert fanga inn og merka på ein måte som beviseleg påfører han plager. Dette er rein dyremishandling, seier han.

Jostein Sandvik, ansvarleg for merkeprosjektet av traner, beklagar merking av trane når Per Myrhaug er så sterkt i mot.

– Vi pleier alltid ta kontakt med grunneigar og har beklaga at det ikkje skjedde. Vi har og lova ikkje å merke fleire traner i dette området, seier Sandvik. Han seier dyrevelferden kjem i første rekkje, og at han vurderer å sende folk som kan følgje med på kyllingen. Uansett vil han ha tett dialog med Per Myrhaug i tida som kjem.

– Metoden å merke på er vanleg over heile Europa. Eg har ikkje høyrd andre stader at det skal vere problematisk å ringmerke over kneet. Etter meldingane frå Markane har eg kontakta andre europeiske merkarar for å høyre deira erfaringar. Så langt utan tilbakemeldingar, seier Sandvik.

– Kvfor vert tranene ringmerka over kneet?

– For at fuglen skal vere betre synleg når han går i graset. Dette er første gong trane i dette området er merka. Merkinga vert gjort for å finne trekkvegar og hekkeområde. Vi er spente på om tranene frå Nordfjord følgjer same rute som dei frå andre kantar av landet, seier Sandvik. Han vil sende rapport på saka til Mattilsynet og Miljødirektoratet.