Stryn formannskap skal ta stilling til om Stryn kommune skal tilleggsfinansiere prosjekt Per Bolstad plass med 1.300 000,- kroner.

Av saksframlegget går det fram at planleggingsarbeidet og anbodsdokumenta nesten er ferdig. Prosjektet har vore utlyst på anbod, men prisane frå entreprenørane skal ha vist at det er dyrare å gjennomføre prosjektet enn det er bevilga pengar til.

Som Fjordingen har omtala tidlegare var signala frå tilbydarar er at byggetida er kort, kritisk og fordyrande for prosjektet.

Målet med prosjektet er å få opparbeida ein plass som kan nyttast meir av alle i sentrum.

- For å sikre oss at Per Bolstad plass blir så bra som mogleg har vi knytt til oss ekstern kompetanse på prosjektering og utarbeiding av anbodsdokument. Nordplan har utarbeidd ein meir detaljert plan for opparbeiding av Per Bolstad plass. Denne er justert og endra i samsvar med dei ynskje og behov som har blitt avdekka gjennom forprosjektet i samråd med grunneigarar, brukarar av plassen, kommunen og i samarbeid med andre konsulenter på ulike fagområder, heiter det av saksframlegget som i grove trekk presenterar kva som skal gjerast:

1: Etablere ny gangforbindelse mellom Per Bolstad plass og Petterneset/Stryneelva. Opning mot elva og gangpassasje skal på sikt tydeleggjere ein nord- sør korridor mellom elva og naturområda/kulturlandskapet mot nord.

2: Fjerning av murar. Plassen er i dag omkransa av gråsteinsmurar. Deler av desse skal fjernast for å opne opp og gje ny tilkomst/betre tilkomst mot søraust, sørvest og nord. Dette vil gje større moglegheiter til bruk av området og betre moglegheiter til kontakt mot funksjonane rundt plassen.

3: Heving av Per Bolstad plass til gatenivå. Plassen ligg i dag i snitt omlag 0,5 meter under gatenivå. For å gjere plassen meir inkluderande i høve til omliggande serverings- og sørvisfunksjonar skal plassen hevast til gatenivå. Det inneber fjerning av dagens skiferdekke, etablering av dreneringssystem som kan handtere overvatn, etablering av infrastruktur som straum og vatn, og tilføring av ny masse.

4: Etablering av nytt dekke. For å gjere plassen mest mogleg funksjonell, er det nødvendig å kunne køyre inn på området i samband med rigging etc. Det skal difor etablerast eit dekke som tilfredsstiller krav til nødvendig belastning og samstundes er drenerande.

5: Etablering av lyssetting på plassen.

Av vurderinga frå rådmannen går det fram at det tidlegare er bevilga kr 2.125.000,- frå Stryn kommune, og 1.075.000,- frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Totalt 3.200.000,- og at behovet for prosjektet er på kr. 4.500.000,-.

- Årsaka til at prisane i kalkylen og tilboda er noko endra frå første kalkyle er fordi ein har fått meir informasjon om plassen, utført fleire undersøkelsar og fått utført detaljprosjektering, noko som er vanskeleg å estimere til eksakt sum i eit forprosjekt. Men ein av dei største forskjellane frå sist kalkyle er at vi har tatt med lyssetting av plassen, skriv rådmannen.

Rådmannen peikar på andre detaljar som til dømes vannkran for å fylle vannflasker, uttak for spyling av plassen, ei trapp mot Vertshuset, gangveg mot Petterneset, meir drenering av plassen, nye straumuttak, storgatestein langs kanten, ny juletrefot etc.

- Om det blir bevilga meir pengar så har vi moglegheit til å legge eit anna dekke på plassen, som har mykje å seie for det estetiske uttrykket til plassen. Det er derfor også lagt inn 450.000 kr som er meint til å dekke ein eventuell oppgradering av dekke på plassen frå betonghellar til granitt eller tilsvarande, skriv rådmannen. Han understrekar at minste behov for tilleggsløyving er såleis kr 500.000,-.

- Viss ein ikkje gjev tilleggsløyving vil ein ikkje kunne lyse ut plassen på anbod, og prosjektet vil ikkje kunne gjennomførast, skriv rådmannen.

Onsdag tek Stryn formannskap stilling til følgande framlegg til vedtak: Stryn kommune godkjenner auke i låneramme med kr 1,3 mill eks mva til prosjekt 42005. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån og godkjenne lånevilkår.