At vegen gjennom Lodalen er trong og utfordrande er godt kjent. Jan Ove Hogrenning, som vanlegvis driv båtruta på Lovatnet og Kjenndalstova, er delvis sjukemeld, men engasjerer seg i dei trafikale utfordringane knytt til den 15 kilometer lange fylkeskommunale vegen. Det er på høg tid at noko vert gjort, meiner han.

Gjorde vondt verre

– Det er nesten ikkje skjedd noko på denne vegen dei siste 40 åra. Det som faktisk er gjort, har berre gjort framkomsten endå verre, fortel Hogrenning. Han viser til at det for eit par år sidan vart sett opp nokre titals meter med autovern ved Hogrenning som gjorde den svært smale vegen enda smalare.

Flaskehals Jan Ove Hogrenning er ikkje imponert over autovernet som vart montert på Hogrenning for eit par år sidan. – Gjerdet har bidrege til at det er blitt enda trongare å passere her. Store bussar og bubilar kjem ikkje forbi, seier Hogrenning. Foto: Roger Oldeide

– Her har dei sett opp autovern på innsida og det har teke 40 centimeter av vegen. Her går dei minste bussane forbi med nokre få centimeter. Større bussar og bubilar kjem seg ikkje forbi her. Då må dei rygge ut og forsøke å snu, utan plass. Dette får ein effekt langs heile vegen her. Slik er det i dag. Korleis skal det bli når trafikken aukar? spør Jan Ove Hogrenning.

Peikar på tre flaskehalsar

Reiselivsnæringa i Lodalen har god erfaring med å organisere bussrutene slik at dei motgåande bussane møter kvarandre der det er lomme i vegen for å passere.

– Så straks det kjem store bubilar eller andre store bussar som vi ikkje har kontroll på, så er det full stopp. Ved fleire høve har det blitt timevis med venting grunna at bussar eller bubilar har køyrt seg fast og må snu, fortel han.

Hogrenning meiner at relativt enkle grep kan løyse dei mest prekære problema og peiker på spesielt tre plassar der det stadig oppstår problem. Det første er å ordne problemet med autovernet på Hogrenning. dei to andre er på Hamrane.

Flaskehals - Sprenger ein bort ein meter av denne fjellknausen, så kjem store bussar seg forbi, forklarar Hogrenning. Foto: Roger Oldeide

– Ved den krappaste svingen stikk det såpass med fjell at bussar tek inn i fjellet om dei skal gå klar av autovernet der. Det er snakk om å fjerne ein meter med fjell over ti meter. Her har fleire bussar mista spegel. Stått fast og sperra vegen, fortel han.

– To passeringspunkt på 15 kilometer

Siste punkt er der det er montert sikringsnett for is. Nettinga strekk seg så langt ned, at speglane til bussane går inn i dei.

– Om ein kortar sikringsnettet med nokre meter, så kan problemet vere løyst, meiner Hogrenning.

Han ønskjer fortgang i å utvide snuplassen og parkeringshøva ved minnetavla ved enden av fylkesvegen.

Manglar autovern - Det går ikkje bra om ein buss køyrer utfor her, seier Hogrenning. Ein kilometer av vegen er spesielt utsatt. Foto: Roger Oldeide

– Her blir det full stopp og kaos. Det er ikkje mykje gjort å utvide plassen ved minnetavla, seier Hogrenning. Han legg til at den farlegaste delen av vegen manglar også heilt autovern.

– Det er snakk om ein kilometer der det er høgt ned frå vegen. Det går ikkje bra om det går ein buss utfor her, seier han.

– Når det gjeld rassikring er det heilt fråverande. Lodalen må prioriterast, og det begynner for alvor å haste, seier han.

- Fylkeskommunen må ta utfordringa

– Vi kjempar stadig for at det skal puttast pengar på denne vegen, seier stryneordførar Sven Flo. Han seier dette er ei problemstilling kommunen har kjent godt til gjennom mange år.

- Vi er heilt samde i at vegen gjennom Lodalen må utbetrast, og er klar på at ein kan få gjort mykje med små midlar, seier Flo. Han meiner fylkeskommunen viser ein tilbakelent innstilling for ein så viktig veg, midt i det han meiner er regionen si viktigaste turistkommune.

– Svaret vi får er alltid det same. Statens vegvesen seier fylkeskommunen må setje pengar på vegen og fylkeskommunen seier dei ikkje har pengar, seier Flo, som vil halde fokus.

– Vi må berre halde trykket oppe på denne vegen og få den spelt inn i Regional Transportplan (RTP), seier Flo.

Slik svarar Fylkeskommunen