Under siste frist for høyringsfråsegn onsdag, røysta formannskapet over rådmannen si tilråding om å forkaste intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

I rådmannen si vurdering av regionreforma skriv han mellom anna at Stryn kommune ser heller ein region beståande av Møre og Romsdal, eller kun Sunnmøre, Sogn og Fjordane og eventuelt Hordaland som ein langt betre konstellasjon.

Stryn formannskap voterte seks mot ei røyst i saka, med Sonja Øvre Flo (H) bak den einsame røysta.

Øvre-Flo understreka at ho ønska å ha med Møre og Romsdal, men vil vente med å eventuelt forkaste intensjonsavtalen til etter fylkestingsmøtet i desember.

Einsam røyst Sonja Øvre-Flo (H) stemte for intensjonsavtalen Foto: Roger Oldeide

 - Grunnen til at eg ikkje ønska å forkaste intensjonsavtalen er at det ligg ved 1,5 milliardar kroner i fond etter salg av Fjord 1 og verdiar i SFE. Vi får også utval for både samferdsel og kultur og vi får fylkesmann. Dette er ting som er framforhandla i avtalen, så hvis den blir forkasta så kan vi risikere å stå der uten noko ting, sa Øvre-Flo.

Per Kjøllesdal (Sp) har likevel lite til overs for intensjonsplanen.

- Dette er det dårlegaste alternativet eg kan sjå føre meg, sa Kjøllesdal, noko Høgre-ordføraren stillte seg bak.

Ser nordover - Dette er det dårlegaste alternativet eg kan sjå føre meg, sa Per Kjøllesdal (Sp) om intensjonsavtalen. Foto: Rogr Oldeide

- Eg meiner vi får best utelling med ei samansetning med Hordaland og Møre og Romsdal. Med ein slik avtale som ligg føre trur eg det vil bli ein maktkonsentrasjon i aksa Bergen - Stavanger, sa Flo.

Han sa også sa han var skuffa over sine eigne partifeller i andre delar av landet i denne saka.

- Dei snakkar ned Sogn og Fjordane og det skuffar meg stort, sa Flo.

Flo la til at kommunikasjonen nordover har blitt betre. Han meiner det no blir viktig å fronte ein konstellasjon med Møre og Romsdal.

- Vi har tette band nordover. Om nokon skal fronte Møre og Romsdal så er det jammen oss. Det er no vi må snakke om dette. Det er for seint når Stortinget har bestemt seg for noko anna, sa Flo.

- Eg trur ikkje denne avtalen tener verken Stryn eller Nordfjord, sa Torstein Tvinnereim (V)

- Eg trur ikkje avtalen tener Sogn og Fjordane i det heile teke, sa Kjøllesdal.

Flo la til at han nyleg har tatt del i eit fellesmøte på Skei mellom Sunnmøre Regionråd og Nordfjordrådet der også Sunnfjord og Sogn tok del.

- Bakgrunnen for initiativet er splitting i Møre og Romsdal i dette spørsmålet. Sunnmøre Regionråd tok initiativ til dette møtet fordi dei har behov for å snakke med Sogn og Fjordane. Det er beveggrunnar til dialog nordover, poengterte Flo.