Nye areal etter utfylling på Oldenleirane, som vart ferdig i 2014, har vore lyst ut for sal. Prisen vart med utgangspunkt i "sjølvkostprinsippet" fastsett til kr 490 per m2. Totalt areal er på om lag 9,2 dekar.

Det melde seg tre interessentar, eller grupperingar, til dette arealet som ordførar Sven Flo omtalar som indrefileten i Olden sentrum:

1: Ei lokal investorgruppe i Olden v/ Asbjørn Flåten. Erik Flåten, Andre Oppheim

2: Olden Bryggeri

3: Endre Muri.

Av saksframlegget går det fram at det har vore gjennomført oppfølgingsmøter med interessentane for å avklare nærare om planane for utnytting av arealet, og samstundes informere om krav og vilkår som vil bli sett frå kommunen si side for overtaking av arealet.

Rådmannen har tilrådd at det blir innleia forhandlingar om overdraging av eit areal på omlag 8,5 dekar til lokal interessegruppe i Olden beståande av Asbjørn Flåten, Erik Flåten, Andre Oppheim.

Stryn formannskap skal handsame saka tysdag og eventuelt godkjenne kjøpskontrakta. Rådmannen si tilråding er basert på følgande vurdering:

- Dette er eit attraktivt areal i Olden sentrum med enkel tilkomst og lett tilgjengeleg infrastruktur. Arealet er viktig for utvikling av Olden sentrum. Difor er det viktig at området får ei utforming og ei utnytting som bidrar til ei positiv sentrumsutvikling og imøtekjem behovet lokalt i Olden og Olden som ein viktig turistdestinasjon.

Kommunedelplanen for Olden legg overordna føringar på utnytting av arealet. Arealet kan nyttast til forretning, tenesteyting, bustadar, kontor, hotell/overnatting og bevertning. Interessentane sine planar for området tilfredsstiller såleis overordna føringar.

For å få til ei best muleg utnytting av arealet, vil rådmannen peike på at det er viktig med ei heilskapleg utvikling av arealet. Det er krav om detaljregulering av området, reguleringsplanen bør difor omfatte heile arealet, inklusiv gangvegen langs sjøen.

For å sikre allmenn tilgang til sjøfronten og unngå «privatisering» er det viktig å sikre nok plass for gangvegen mellom sjøen og framtidig bebyggelse. Rådmannen vil også presisere at det er viktig å sikre seg mot at arealet ikkje berre blir kjøpt opp, utan å bli teke i bruk til gjeldande føremål. Dette vil bli følgt opp i samband med utforming av kjøpekontrakt ved fastsetjing av byggefrist, og seinare etter at arealet er regulert og klart til bruk.

Med bakgrunn i framlagde planar, og basert på ei totalvurdering av planar for utnytting av området, vil Rådmannen tilrå at det blir innleia forhandlingar om overdraging av det aktuelle næringsarealet på Oldenleirane til interessegruppa representert ved Asbjørn Flåten. Det vil med utgangspunkt i fastsett pris, byggefrist og klausul om tilbakekjøp med meir, snarast sett i gang arbeid med å utforme utkast til kjøpekontrakt som vert lagt fram for formannskapet til godkjenning, heiter det av rådmannen si fulle og heile vurdering av saka.

Stryn formannskap handsamar saka tysdag.