Jens Isehaug som driv Isehaug Kafeteria og Johans Pub i Stryn søkte om utvida skjenketid i romjula, men kommunen sa nei. No vil han at søknaden vert prøvd på nytt.

Isehaug søkte om utvida skjenketid for dagane 26., 27. og 28. desember med utsett skjenkeslutt frå klokka 01 til klokka 02, men søknaden vart avvist i helse- og sosialutvalet. Avslag var også rådmannen si tilråding.

No ber Isehaug Kafeteria, Stryn Kaffebar & Vertshus, Napoli Pizzeria og Restaurant 34, alle i Tonningsgata, i fellesskap om at kommunen snur og innvilgar utestadane ein ekstra time skjenketid.

Bør tilby det same

– I Stryn bør vi kunne gje same tilbod som nabokommunane våre, seier Isehaug, som seier at den ekstra timen det er snakk om er verdifull for bransjen:

– Eg kunne til dømes hatt trubadur eller annan underhaldning oftare i romjula enn eg har no, men det svarar seg ikkje økonomisk for berre ein time eller to når folk kanskje vel å vere lenger heime i lag med familien før dei går ut. Vi meiner at skjenketidene i tider som romjula bør bli sett på som fredagar og laurdagar då skjenketida er til klokka 02.

Fryktar «handelslekkasje»

Isehaug meiner ein bør sjå til nabokommunar som Eid og Volda:

– I Eid står det i rusmiddelpolitisk handlingsplan at i tillegg til vanleg skjenking til klokka 02 gjeld «dessutan 2., 3., 4., 5. og 6. juledag når desse fell på søndag til torsdag». For Volda kommune sin del står det at «det er generell utvida skjenketid til klokka 02 for romjula, 2. juledag – 1. nyttårsdag», seier ein oppgitt Isehaug.

– Mange utflytta stryningar er heime på juleferie, og i hyttefeltet er det også mange som oppheld seg i jule- og nyttårshøgtida. Stryn er ikkje lenger berre ein turistkommune sommarstid, det er også mange som er her vinterstid. Kommunen bør legge endå meir til rette for handel, seier Isehaug, som fryktar at besøkande heller vender nasen mot Eid eller Volda der tilbodet om skjenking er eit anna.

Isehaug og dei tre andre serveringsstadane i sentrum ber no om at alle kommunale skjenkeløyve i Stryn får innvilga skjenketid til klokka 02 i romjula, og at dette vert endra i den rusmiddelpolitiske handlingsplanen.