Stryn kommune, representert ved ordførar, rådmann, plan- og teknisk sjef var tysdag kveld i møte med beredskapsleiar for brann, lensmann og ein representant for ambulansetenesta i Helse Førde.

Ordføraren omtalar møtet som positivt, framtidsretta og konstruktivt.

– Det er tydeleg eit felles ønskje blant etatane om eit slikt beredskapshus, eller blålysbygg i Stryn. Det er veldig gledeleg, seier Sven Flo som har ein visjon om eit slikt bygg.

Nytt, sentrumsnært areal

Som Fjordingen har omtala tidlegare, så er det planar om ei forskjønning av Petterneset som medfører at brannstasjonen skal bort frå området det ligg i dag. Eit felles beredskapsbygg er i følge ordføraren ikkje aktuelt i dette området, men fastslår at det vil bli sentrumsnært.

– Vi har nokre alternativ til område, men treng fleire innspel på dette frå etatane før vi kan bli konkrete, seier Flo.

– Er det snakk om å byggje nytt?

– Skal vi tenkje framtidsretta, så ønskjer vi å byggje nytt, ja, seier Flo.

Politisk sak i april

Eit felles beredskapsbygg har så langt berre vore på idestadiet, men saka, som vil føre til at mange får ein ny arbeidsplass, får politisk handsaming frå april. Flo fortel at kommunen vil be etatane og Helse Førde gjere greie for sine behov i eit slikt bygg.

– Eg vil legge fram saka for formannskapet. Der vil vi få sett ned ei arbeidsgruppe og midlar til eit forprosjekt, fortel Flo som tidleg i prosessen vanskeleg kan tidfeste ei realisering.

– Men det er brei vilje til fortgang, så mitt inderlege håp er at dette bygget skal stå ferdig i 2019 eller 2020, seier Flo.

– Veldig interessant

Lensmann Lasse Trosdahl er klar på at lensmannskontoret har stort behov for meir plass, og synest ei eventuell samlokalisering av etatane er svært interessant.

– Ja, både i forhold til samyrke-trening, felles undervisningsrom etc. Vi har alt å vinne på å vere på fornamn med dei andre etatane, seier Trosdahl.

Konstituert brannsjef John Jatgeir Vinsrygg kan berre gjenta lensmannen sin argumentasjon om kvifor ein bør samlokalisere.

– Vi har dessutan store og kostbare behov for oppgraderingar i eit bygg som nærast er regulert bort. Vi er utelukkande positive til samlokalisering, fastlår Vinsrygg.

– Det er brei vilje til fortgang i denne prosessen, seier Sven Flo som er eitt steg nærare eit felles beredskapsbygg. Flo skal ta saka inn for politisk handsaming i april. Foto: Roger Oldeide
Lensmann i Stryn, Lasse Trosdahl, synest ei samlokalisering er svært interessant. Foto: ARKIVFOTO / Bengt Flaten