Heidi Vederhus (46) er pr. i dag tilsett som tenesteleiar for eininga Velferd i Vågsøy kommune der ho har vore einingsleiar sidan 2011.

Firebornsmora, som er utdanna sosionom, er busett på Eid og der vil ho vere busett også etter ho tek til i stillinga i Stryn 1. august.

Ny etatsjef Heidi Alice Vederhus (46) tek til som helse- og sosialsjef i Stryn 1. august Foto: Privat

Relevant erfaring og utdanning avgjorde valet av Vederhus som etatssjef.

– Vederhus har brei erfaring frå sektoren tilsvarande helse- og sosialtenesta. Med dagens stilling har ho god erfaring med både barnevern og tenester knytt til rus, seier personalsjef i Stryn kommune, Torfinn Moen.

Trur på tverrfaglege tenester

Vederhus seier ho kjenner Stryn kommune som organisasjon gjennom det interkommunale samarbeidet som har vore innan helse- og omsorg.

– Eg opplever Stryn som ei godt organisert kommune og ser fram til å verte kjend med dei ulike avdelingane. Det er med audmjukskap eg vil innhente lærdomen eg treng for å kunne vere ein god leiar for dei, seier Vederhus som ønskjer å arbeide med eit førebyggjande perspektiv.

– For meg er det viktig at vi står saman om å yte kvalitative gode og tilrettelagde tenester for brukarane våre. Eg har stor tru på heilskaplege og tverrfaglege tenester, og at vi vinn mykje på å ha eit førebyggjande perspektiv, seier Vederhus.

Gir seg etter 31 år som etatsleiar

Sittande helse- og sosialsjef Berit Wetlesen, hadde sitt siste politiske møte under utvalsmøtet tysdag. Wetlesen (65) har vore tilsett i Stryn kommune sidan 1981, og går ut i pensjon etter å ha vore etatsleiar i Stryn heilt sidan 1986.

– Etter 31 år som etatssjef får det halde. Eg sitt ut mai, men vil vere tilgjengeleg ved overlapping av ny etatsleiar. Vederhus har brei erfaring i kommunal sektor så eg trur dette skal gå bra, seier Wetlesen.

Vederhus var blant dei anonyme søkjarane til stillinga.