Bergen og Hordaland Turlag søkte i haust Stryn kommune om eit tilskot på 1,5 millionar kroner til den nye turisthytta

"Skålabu"

. Under ein presentasjon som turlaget heldt for kommunestyret kom det fram at turisthytta hadde eit avvik i finansieringa på tre millionar kroner.

Presentasjon Bergen og Hordaland Turlag sin leiar Helene Ødven presenterar Skålabu-prosjektet for Stryn formannskap og ordførar Sven Flo. Foto: Roger Oldeide

I søknaden argumenterte turlaget mellom anna med at turisthytta vil bidra til å gjere Stryn til ein enda meir attraktiv plass å både besøke og å busette seg i. Den nye hytta vil dessutan bidra til vern av det gamle Skålatårnet.

Tilråda 300.000 kr frå trangt budsjett

Nylig la rådmannen fram sine tilrådingar til budsjettet og Skålabu er tilrådd 300.000 kroner. Rådmannen forsvarar avstanden mellom turlaget sitt ønske og tilrådd sum med eit trangt budsjett og tøffe prioriteringar.

Kva den nye turisthytta eventuelt vil få i tilskot er enno ikkje vedtatt, men turlagsleiaren hoppar ikkje i taket over den tilråda summen.

- Det må vere lov å seie at vi er skuffa. Vi hadde sjølvsagt håpa på meir, men når det er sagt så er jo ikkje 300.000 kroner småpengar det heller. Eg håpar likevel kommunen kan strekkje seg litt lenger, seier leiar av Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven.

Skuffa over mangel på økonomisk støtte i fylket

Ødven har ikkje tal på avviket i finansieringa pr. idag, men seier det er kome på plass meir spelemidlar i haust. Ho er likevel skuffa over mangel på støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune som avslo turlaget sin søknad om tilskot. Det gjorde også Norsk Kulturminnefond og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Populær Fullt hus på Skålabu under opningshelga i oktober. Foto: Roger Oldeide

Mangel på pengestøtte betyr likevel ikkje mangel på besøkande. Ødven fortel at turisthytta har vore godt besøkt sidan den svært folksomme opninga i oktober.

- Det har vore fantastisk, og tilbakemeldingane har vore veldig gode. Det er tydeleg at hytta fungerar som den skal, seier Ødven.