Venstre signaliserer støtte til landslinje i skiskyting i Stryn. Tidlegare har KrF-leiar Knut Arild Hareide, under besøk i Stryn i september, lova at Kristeleg Folkeparti vil støtte landslinja.

Kravliste

– Venstre er i ferd med å avslutte vårt alternative statsbudsjett, og eg kan stadfeste at her ligg det inne pengar til etablering av ei landslinje i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule, seier stortings- representant Sveinung Rotevatn til Fjordingen.

Venstre sitt alternative budsjettframlegg blir presentert komande tysdag, 1. november. – Det alternative statsbudsjettet er vår kravliste til forhandlinga med regjeringa, ting vi ønskjer å få igjennom før vi kan støtte regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Dagen etter presentasjonen går vi forhandlingar, seier Rotevatn.

Kan bli ein suksess

Rotevatn seier at landslinje i skiskyting i Stryn har vore ei av sakene han har hatt på lista over ting han har hatt lyst til å få til.

– Eg har hatt god kontakt med folk i Stryn som er opptekne av dette, og ikkje minst med Stryn vidaregåande skule, seier han. – Vi legg inn pengar til ei landslinje med 10 plassar. Dette blir eit krav frå Venstre når vi skal forhandle med regjeringspartia. Eg håpar Høgre og Frp kan sjå nytte av dette, slik at vi kan få gjennomslag for kravet.– Kvifor støttar du landslinjesøknaden frå Stryn? – For vår del handlar det om den gode kompetansen ein allereie har i Stryn, dei gode kringliggande fasilitetane og ikkje minst det engasjementet som finst for å få dette til å lukkast. Eg har stor tru på at ei slik lanslinje kan bli ein suksess, seier Rotevatn.

Jobbar vidare

Også Bjørn Lødemel (H) seier han vil jobbe vidare for landslinja.

– Eg vil absolutt jobbe vidare for landslinje i Stryn dersom det kjem pengar til landslinjeordninga, både i statsbudsjettet og vidare framover. Utfordringa er at ein ikkje ønskjer å opprette fleire landslinjer, fordi det er usikkert om ein skal halde fram med denne ordninga. Men dersom det kjem midlar, eller ei ny ordning, vil Stryn vere ein sterk kandidat, seier Lødemel.