Ordførar i Stryn, Sven Flo, oppmodar i eit brev samferdsleutvalet i fylket til å ta opp igjen saka om gang- og sykkelveg på Skarstein.

I reguleringsplanen for fv 60 Ugla-Skarstein er det vedteke åbandlegge areal for gang- og sykkelveg på siste strekinga inn motOlden sentrum. Gangvegen vart også regulert til å vere felles fortilkomst til fleire landbrukseigedomar. Fylkestinget vedtok i desember 2013 vedtok å fullføre fv 60 Olden-Innvik, men i april vart det gjort vedtak om at strekninga skal byggast med vegbredde 7,5m som regulert, men at det ikkje skal byggast gang- og sykkelvegpå den regulerte strekninga i denne omgangen.

Lokalt har reaksjonane vore sterke.

Svein Sunde, dagleg leiar i Gode Vegar AS, sende i februar ei oppmoding til fylkeskommunen om å gjere ny vurdering når det gjaldt bygging av gang- og sykkelveg på Skarsten.

Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen var tidlegare i år hos  Stryn formannskap for å diskutere saka, og i september møtte dei fylkespolitikarane på den opne politikardagen i forkant av fylkestinget i september. Det er på bakgrunn av dette ordføraren no har sendt brev til samferdsleutvalet om å ta opp igjen saka på nytt.

- Stryn kommune har heilt fram til beslutninga vart fatta i fylkestinget jobba for å innarbeide gang- og sykkelveg, som også ligg inne i reguleringsplanen. Vi aksepterte beslutninga. Men opplysningar knytt til auke i ÅDT (årsdøgntrafikk), auke i talet på cruiseturistar frå hamna i Olden (gåande og syklande) som nyttar område for fotografering og turgåing, og uavklarte forhold rundt tilkomst til beiteteigar og slåttemark for å nemne noko gjer at vi ynskjer at de ser på dette, heiter det i oppmodinga frå ordføraren.

Samferdsleutvalet får brevet under posten "skriv og meldingar" i dag.

Dersom gang- og sykkelvegen skal kunne byggast, må spørsmålet takast opp som politisk sak og få dei nødvendige løyvingane. Det finst pr. i dag ikkje pengar som er budsjetterte til gang- og sykkelveg langs fv 60 på Skarstein.