Fjordingen vil i vekene framover presentere kvart enkelt faresonekart som NVE har utarbeida for Stryn kommune. Første kart viser Årheim til Øvreeide.

Område innanfor svart omriss er kartlagt med omsyn på sannsyn for skred.

  • Svarte kvadrat viser at hovudtypen av skred er steinsprang/-skred.

  • Svarte trekantar viser at hovudtypen av skred er flaum- og jordskred.

  • Svarte stjerner viser at hovudtypen av skred er snø- og sørpeskred.

Faresonekarta for Stryn kommune, er utarbeida av Norges geotekniske institutt (NGI) for NVE. Karta vart overrekt Stryn kommune under ein presentasjon av faresonekarta ved Jostadalsbreen nasjonalparksenter i månedsskiftet.

- Det er ikkje forbode å bu i skredutsette område, men det avgrensar utvikling av bygningsmasse der. Når det er sagt, så aukar ikkje rapporten skredfaren, seier Flore som forklarar kva det betyr å bu innanfor dei ulike fargekodane gul, raud og brun.

Forklarar Teknisk sjef i Stryn kommune, Jan Flore, forklarar kva det betyr å bu innanfor dei ulike fargekodane i dei ferske karta utarbeida av NVE. Foto: Roger Oldeide

– Dei områda som er markert med mørkast farge (brun / Journ. anm) har eit årleg sannsyn for skred større enn 1 prosent og der kan det ikkje setjast opp nye bygg, seier Flore.

– Dei områda som er markert med raudt har eit årleg sannsyn for skred større enn ein promille og kan setjast opp bygg som til dømes garasje, men ikkje nye bustadhus utan sikringstiltak. Dei områda som er markert med gul farge har eit årleg sannsyn for skred større enn 0,2 promille, men mindre enn 1 promille, og kan nyttast til ny bustad, forklarar Flore.

Står bak Eit team med mellom andre senioringeniør Krister Kristensen i NGI (Norges geotekniske institutt) har utarbeida karta for NVE, på oppdrag frå Stryn kommune. – Faresonekart er i grunn ferskvare, seier han. Foto: Roger Oldeide

Totalt i Stryn kommune skal det vere 227 bustadar i utsette område (eit årleg sannsyn for skred større enn 1 prosent)