Søndag 2. juli var det offisiell opning av den nye turisthytta på Skåla i Loen.

- Vi har hatt eit fantastisk samarbeid med Stryn Kommune, Nasjonalparkstyret, arkitekt og byggeleiar, og er veldig stolte av det vi har fått til. Vi er spesielt nøgde med kor fort heile prosessen har gått.

Det sa styreleiar i Bergen og Hordaland Turlag, Tore Johan Smidt, i opningstalen.

Sjå også: Bildeserie frå opninga.

Kring 40 personar hadde slite seg opp den 7,3 km lange motbakken for å delta på opningsdagen. I Skålabu fekk dei servert lomperullar med Strynskinke og Oldenvatn. Kristoffer Haugen kveda og spela på lur, og Britt Pernille Frøholm hadde felekonsert inne i hytta. På veg ned att sat Johan Olai Svidal og spela trekkspel ved brua på Sjingla.

- Dette er fantastisk for alle dei 14 DNT-lokallaga i fylket, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit. Vi er også veldige glade i Skåla, legg ho til.

Les også: Hyttevert på Skåla

Meir om opninga kan du lese i papiravsia på tysdag.