Hytteverten si oppgåve er å vise fjellfolket korleis ei turisthytte vert driven.

- Turlagshyttene er baserte på eit fantastisk system av tillit og fellesskap, seier Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag. Men det kostar å drifte og vedlikehalde desse hyttene. Ved, gass og tømming av doane er ikkje gratis, held ho fram.

Dessverre er ikkje alle turgåarar like flinke til å gjere opp for seg når dei brukar turisthyttene.

- Folk er stort sett flinke til å rydde etter seg, utfordringa er å få folk til å betale for seg, seier hyttevert på Skålabu og Skålatårnet, Eli Vevle.

Les også: Offisiell opning av Skålabu

Vevle kjem frå Indre Sunnfjord Turlag og har meldt seg frivillig til å vere hyttevert på Skåla denne veka.

- Kvar veke i heile sommar vil her vere ein ny turvert, fortel Helene Ødven. Vi manglar berre ei veke, så om nokon er interesserte er det berre å melde seg, oppfordrar ho.

Sjå også: Bildeserie frå opninga av Skålabu.

Det vil vere ein frivilleg på toppen som skal passe på at hytteturistane fer fint med begge dei to bygga i sommar. Foto: Ingrid Kvåle Faleide
- Hytteverten skal hjelpe til å fordele oppgåvene litt når det er mykje folk i hyttene, fortel Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag. Foto: Ingrid Kvåle Faleide