Næringslivet i Stryn reagerar på at fylkesdirektøren ikkje har etterkome oppmodinga om TIP-linje i Stryn.I eit brev frå Stryn Næringssamskipnad til Sogn og Fjordane fylkeskommune går det fram at det berre i Stryn kommune er tett oppunder 1000 relevante arbeidsplassar knytt til industri, transport og bil/verkstad.

I brevet leggast det vekt på det næringslivet meiner er eit stort behov for rekruttering av arbeidskraft.

– Eit VG1 tilbod TIP ved Stryn VGS vil sikre fleire søkjarar frå nærområdet. Ein ser at det er ein sterk reduksjon av søkjarar til TIP frå Stryn – og Hornindal kommune. Lokal forankring er viktig for at elevane skal få praksis i bedriftene, at dei skal søkje lærlingplass der og ikkje minst bli verande i bedrifta etter avslutta lærlingperiode.

– Næringslivet i Stryn vil om nødvendig skaffe til vege det utstyr ein treng for å gje ei god undervisning for VG1 TIP i Stryn, heiter det av brevet, frå Stryn næringsamskipnad.

Det poengterast at lokala der Gym Stryn i dag har treningssenter, er TIP sine tidlegare lokale.

– Avtala som er inngått her er at Gym Stryn flyttar ut om det blir naudsynt med ei re-etablering av TIP i Stryn, skriv Stryn næringssamskipnad.