Så seint som onsdag, dagen før valet, vart det oppretta ei gruppe på sosiale media med namnet "Vi som krev folkerøysting om framtida til Hornindal kommune". Gruppa har i skrivande stund passert 200 medlem som stiller seg bak parolen, og talet stig framleis.

Det er og ei underskiftskampanje gåande i Hornindal med hensikt å tvinge kommunestyret sitt til å vurdere folkerøysting på nytt.

Etter det Fjordingen kjenner til skal talet på underskrifter onsdag kveld, med god margin, ha overgått dei naudsyne to prosenta som skal til for ei ny vurdering frå eit kommunestyre.

Fleirtal mot folkerøysting i kommunestyret

- Kva seier du som ordførar til dei som meiner dei er forbigått av politikarane i Hornindal i spørsmålet om kommunesamanslåing?

- Det er jo beklageleg at nokre kjenner det slik. Det enkle svaret på dette er at det var fleirtal i kommunestyremøte om å ikkje gjennomføre folkerøysting. Vi har diskutert dette spørsmålet i to kommunestyremøter. I siste møte var det 11 mot 6 røyster på å ikkje ha folkerøysting, forklarar ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel.

- Burde ha vore på bana for lenge sidan

- Eg applauderar engasjementet i denne saka, men eg reagerar på tidspunktet dette gjerast på. Å kome med dette no vil eg seie er loveleg seint. Det burde ikkje vere noko overrasking for bygdefolket at kommunestyret har stemt nei for folkerøysting. Desse røystene burde ha vore på bana lenge før.

Det verker som det er fleire som opplever at valet kanskje ikkje kan gå slik dei vil, seier Lødemel.

- Eit vanskeleg val

Ordføraren viser til ei innbyggjarhøyring frå mai med 200 respondentar der fleirtalet ønska samanslåing med Stryn og Volda.

- 71 prosent av desse ønskja samanslåing med Stryn og Volda. Men når Stryn meldte seg ut av dette ved å seie at dei ikkje ønskja seg saman med Volda, så står vi i den situasjonen vi er i dag, seier han.

- Det blir sagt at det er mykje frustrasjon i Hornindal no. Korleis opplever du sjølv at stemninga er i kommuna tett før valet?

- Dette er noko folk er opptekne av og eg føler kommuna er delt i dette spørsmålet. Stryn representerar det kjende og det trygge, medan Volda er noko nytt og ukjend. Det er ei vanskeleg sak og eg må innrømme at det er eit kjempevanskeleg val vi skal ta, seier han.

- Med dei underskriftene som de truleg vil få på bordet torsdag, er de etter lova pliktige til å vurdere ei folkerøysting på nytt. Korleis vil de handtere dette?

- Vi vil vurdere dette inn mot valet torsdag, men det betyr ikkje at vedtaket vi har gjort blir endra, sier Lødemel.