Det er no sett ut ein ny søppelkonteiner med betre kapasitet i Harevadet hyttefelt i Hornindal. Nomil er i desse dagar i gang med å oppgradere søppelkonteinerar i Stryn og Hornindal kommunar, og Blakset og Fosnes i Stryn skal også få tilsvarande konteiner.

Dei nye stålkonteinerane, som har ein storleik på 4 - 10 m3, har innkastluker på sida. - Den nye løysinga vil auke kapasiteten vesentleg og vil forhåpentlegvis hindre forsøpling seier dagleg leiar i Nomil, Svein-Ottar Sandal. Han presiserer at det er strengt forbode å legge avfall ved sidan av konteinerane. Bygningsavfall, inventar, farleg avfall og elektrisk avfall skal heller ikkje leverast i hytterenovasjonsordninga.

Sandal oppfordrar hytteabonnentar og andre om å bruke miljøstasjonane i kommunane.