Eit samrøystes fylkesting vedtok i ettermiddag å godkjenne sal av aksjane i Fjord1 AS til Havilafjord AS.  Avtalane inneber at fylkeskommunen i haust sel seg ned frå å vere majoriteteseigar til ein eigardel på 33 prosent.

- Avtalen vil gje heilt naudsynte økonomiske musklar for fylkeskommunen til mellom anna å drive tenesteproduksjon framover til det beste for innbyggjarane i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding etter avgjerda.

Dagleg leiar i Havila-konsernet, Per Sævik, har tidlegare uttalt til Fjordingen at det ikkje vil bli store endringar i selskapet som følgje av at Havila blir majoritetseigar. Fiskebåt- og offshoregründeren, som også er tidlegare president i Norges rederiforbund og ridder av St. Olavs orden, 1. klasse, har også sagt at namnet Fjord1 skal behaldast.

I vedtaket ligg det at F1 Holding AS, fylkeskommunen sitt eigarselskap, sel aksjane i Fjord1 AS til Havilafjord AS. Salet inneber eitt trinnvis sal av aksjane ved at F1 Holding AS fyrst sel 26 % av aksjane no. Havilafjord AS har så ein rett til å kjøpe resterande 33 % mellom 1. januar 2017 og 31. mars 2019, medan F1 Holding AS har rett til å selje resterande 33 % til Havilafjord AS mellom 1. januar 2019 og 28. februar 2019.

Kjøpssummen frå Havila-konsernet er på 1,065 milliardar kr.

I utgangspunktet vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane å selje Fjord1-aksjer til selskapet Torghatten AS, men dette salet sette Konkurransetilsynet foten ned for i sommar.

Avtaleutkastet om sal av Sogn og Fjordane sine aksjar i Fjord1 AS til Havila-konsernet kom til etter sonderingar og forhandlingar mellom partane i perioden 5.- 17. august.