- Utrolig gøy. Det blir ikkje meir hardcore enn dette, sa Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke etter at det vart klart at klesprodusenten frå Stryn hadde fått ei heilt spesiell gåve frå kumlokkprodusenten Ulefos.

Onsdag formiddag fekk det rosa kumlokket tildelt sin plass i asfalten ved Moods sin butikk på Myrane i Stryn sentrum.

Kumlokket, som er det einaste i verda i sitt slag med logo og det heile, vart lagt på plass av Stryn kommune sin representant, Eivind Tonning. Tilstades var mellom andre Jørn Peder Sætre frå Moods og distriksansvarleg for norske Ulefos, Thomas Hammersland.

Makelaust Kumlokket frå Ulefos er det einaste i sitt slag. Fargen skrik etter merksemd. Foto: Roger Oldeide

- Dette viser jo at kumlokk ikkje trenger å vere trauste og kjedelege i utforminga, difor er det veldig moro å få levere dette lokket til Stryn. Kumlokket er makelaust og vi håpar det vil bli eit blikkfang som vil få folk til å trekkje på smilebåndet, sa Hammersland.

- Dette var veldig morosamt, som eit "walk of fame". Vi må vere det einaste klesmerke i heile verda med eit eige kumlokk, sa Sætre.

Eivind Tonning i Stryn kommune legger på plass det makelause kumlokket i Myrane i Stryn sentrum. Foto: Roger Oldeide