Stryn kommunestyre kom fram til følgande vedtak, i tre punkt, som er eit endeleg høyringsfråsegn til fylkeskommunen sin intensjonsavtale om å slå saman Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

1: Stryn kommune kan ikkje sjå at det framforhandla forslaget til intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vil vere tenleg for Stryn og Sogn og Fjordane og oppmodar om at den vert forkasta.

Etter noko diskusjon, med fleire representantar på talarstolen, vart punkt to endra til følgande:

2: Stryn kommune ser ein region beståande av Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland som ein langt betre konstellasjon enn det intensjonsplanen legg opp til, og sjølv om det ikkje lukkast å kome fram til nokon intensjonsavtale om dette, bør Stortinget, som det avgjerande organet, sterkt oppmodast om å konkludere med eit slikt resultat.

Nytt punkt vart lagt til torsdag kveld, fremma og presisert av Per Kjøllesdal (Sp) Etter eit gruppemøte fekk følgande tilleggspunkt fleirtal.

3: Stryn kommune føreset at Sogn og Fjordane ikkje blir delt.

Det var med andre ord korrigering av ordlyd, samt tillegging av punkt tre etter

vedtaket etter formannskapet

der seks røyster mot ei vedtok å forkaste intensjonsplanen som fram til no altså har vore på høyring.

Vil ikkje dele Sogn og Fjordane Per Kjøllesdal (Sp) fremma punkt i vedtaket om at Sogn og Fjordane ikkje skal bli delt. Foto: Roger Oldeide

Berre Sonja Øvre-Flo (H) røysta for å ikkje forkaste intensjonsavtalen. Frå talarstolen gjentok ho argumentasjonen ho la fram for formannskapet.

Stryneordførar Sven Flo er godt nøgd med at kommunestyret var såpass samstemt torsdag.

- Det var snakk om korrigering av detaljar. Punkt tre er i tråd med eit spor vi har vore inne på tidlegare. Det viktigaste no er at vi får gitt eit tydeleg svar til Stortinget om kor vi står. Vi ønska å ha med Møre og Romsdal, og vi ønska å hekte av Rogaland, seier Flo.

- Kva trur du om delane av Møre og Romsdal som framleis ønska å stå åleine?

- Det er uansett Stortinget som skal avgjere om dei får lov til det. Viktigste er at vi har fått gitt eit tydeleg svar, både til Stortinget, og til Møre og Romsdal, seier Flo.

Torstein Tvinnereim sa det slik;

- Vi får banke på døra igjen, og høyre dei ikkje, så får vi banke på hardare såpass at dei høyrer oss. At Møre og Romsdal er med er viktig, sa Tvinnereim.

Tre fylkesting skal vidare ta stilling til fråsegna etter høyringa.