Etter Øystein Eckhoff på Stryn Kaffebar & Vertshus og DJ Phongsak på Johan's Pub i går, er det klart for den store kvelden under Stryn Midtsommarrock.

- Vi gler oss! seier Knut Erik Østgård frå Return, bandet bak 80-talshits som "Sing me a song", "Bye bye Johnny" og "Change the attitude".

- Hovedprinsippet for bandet er at vi ikkje skal ha fleire spelejobbar enn at vi gler oss skikkelig kvar gong. Det skal også gjenspeglast frå scena. Så vi brukar å underhalde både publikum og kvarandre!

Vokalisten som gjorde det svært skarpt under Stjernkamp i 2015 (topp tre), har forøvrig slektsband i Nordfjord, og nytta høvet til å helse på slekta frå Innvik før lydprøvene til dagens konsert.

I tillegg til Return spelar også Kokken Tor og Loveshack.

Veret har vore heller ruskete dei siste dagane, men arrangørane er ikkje bekymra.

- Nei, det ser lovande ut no. Og uansett har vi nesten 1.000 sitjeplassar under tak om nødvendig, så veret er inga hindring! seier Jens Arne Isehaug frå arrangørane bak Stryn Midtsommarrock.