Sogn og Fjordane fylkeskommune har utarbeidd framlegg til regional transportplan for Sogn og Fjordane (RTP). Fylkesutvalet legg også forslag til gå- og sykkelstrategi ut til offentleg ettersyn. Endeleg vedtak vil bli gjort av fylkestinget 5. desember 2017. Stryn formannskap handsama denne saka onsdag, før statsbudsjettet vart lagt fram.

- Det er knallharde kamper i Sogn og Fjordane om vegmidlar. Det vere seg mildar til rassikring, gang og sykkelveg og ordinære tiltak på vegnettet. Då er det viktig at vi er tydeleg og argumentere godt for dei prioriteringane vi legg opp til, sa Sven Flo.

Det store behovet for opprusting av transportnettet i Sogn og Fjordane er kjend og Stryn kommune er ikkje noko unntak i fylket.

- Vi har eit stort etterslep på stort det meste. Vi har nesten ikkje gang- og sykkelveg i denne kommunen og vi treng skredsikringsmidlar i alle bauer og kantar, sa Flo.

Rådmannen skriv i si vurdering at framlegget til regional transportplan dokumenterer det store etterslepet av vedlikehald av vegar og tunellar og at det er dårleg tilrettelagt for gåande og syklande. Det peikast og på store utfordringar i høve skredsikring opp mot små økonomsike ressursar. Mangelfullt naudnett der ingen Fv- tunnelar tilfredsstiller gjeldande krav.

- Det er tydeleggjort at Statens sine overføringar til fylkeskommunen ikkje står i høve til utfordringane. Det vert ei politisk utfordring å få auka dei statlege rammene, skriv rådmannen som hadde følgande framlegg med prioritert liste:

- Framlegget til regional transportplan dokumenterer på ein god måte det store behovet for opprusting av vegnettet i Sogn og Fjordane. Staten sine overføringar står ikkje forhold til oppgåvene som må løysast, og Stryn kommune oppfordrar fylkestinget til å øve press på å få auke løyvingar til vegnettet i fylket. Stryn kommune er blant kommunane i fylket med størst auke i turistrafikken. Det er heilt avgjerande for vidare utvikling av denne næringa å ha vegar som er tilrettelagt for alle typar trafikantar.

Etterslepet på fylkesvegnettet er stort, og det er heilt avgjerande av omsyn til trafikkavvikling og sikkerheit med raske utbetringar. Stryn kommune viser til rådmannen sine vurderingar i saksutgreiinga, og prioriterar følgjande tiltak:

Gang- og sykkelveg

1) Ny gang- og sykkelveg langs Fv 60, Loen – Solvik, ca 2,0 km

2) Samanhengande gang- og sykkelveg frå Hildastranda til Innvik sentrum, ca 0,8 km

3) Frå eksisterande gang- og sykkelveg ved Skarsteinkaia langs Fv 60 til ende regulert gang- og sykkelveg

Titak på fylkesvegnettet

1) Vegutbetring Fv 60 – Hildaneset - Innvik sentrum, 2,0 km, inkl. utviding av Sydneskrysset

2) Vegutbetring Fv 724 Heimefonna – Yri, 2,8km

3) Vegutbetring Fv 698 Nos – Jevnlid, 1,1 km

Mindre utbetringar på fylksvegnettet (flaskehalsutbetringar)

1) Vegutbetring Fv 724 (Heimefonna)

2) Vegutbetring Fv 723 Lodalen ( breiddeutviding ved Hamrane og Hogrenning)

Skredsikring

1) Fv 722 km 5,1-9,0 Flostranda 3,9km.

2) Fv 724 km 10,6-12,2 Kroka/Heimefonna/Sandvika/Bukkesvora.

3) Fv 723 km 11,7-11,8 Merkingsjølet

Per Kjøllesdal (Sp) fremja forslag om å leggje til eit tillegg til punkt 1: Punktutbetring sør for Gåshammaren.

Formannskapet var samrøystes i rådmannen sitt framlegg med Kjøllesdal sitt tillegg.