Jon-Fredrik "Joffen" Hopland frå Stryn og hans nye band, Raw Fabrics, er stadig på offensiven i USA. No kan du bli betre kjend med bandet i denne videoen.

- Vi har nettopp gjort ferdig ein ny musikkvideo for vår nyaste singel, "Pissin on the Dancefloor", som kjem ut ganske snart, fortel han på ei melding frå Hollywood.

30. september kjem heile EP-en bandet spelte inn i London, "Gold Handcuffs".

- Vi driv også og planlegge East coast- og West coast-turne for oktober og november som forhåpentlegvis er i boks snart, og torsdag 18. september skal vi spele med eit veldig kult LA-band som heiter Lovelife på The Roxy Theatre, fortel Joffen.

Bandet har tidlegare fått svært god omtale av sin første singel Down the Drain. Videoen til denne kan du sjå her.